Lærling bilmekanikar - FØRDE

Auto 8-8 Forum blei i april 2018 del av eit konsern - Auto 8-8, som tilsaman omsette for 1,3 milliard i 2022 og med budsjett på 1,6 milliard for 2023. Auto 8-8 har meir enn 200 tilsette og 8 nybil forhandlarar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal samt Bodø. Auto 8-8 Forum er forhandlar av Ford i Sogn og Fjordane og Hyundai i Sogn og Sunnfjord. Vi har avdeling i Førde og Florø, omset for 167 mill og er 28 tilsette. Auto 8-8 Forum samarbeider med Leikanger Auto i Sogn og Stryn mek i Nordfjord. Vi har mange dyktige medarbeidarar med høg kompetanse. No treng vi fleire!

Lærlingeplass bilmekanikar

Som lærling hos oss vil du jobbe på eit lag der trivsel, arbeidsmiljø og samarbeid er viktig. Me er ein triveleg gjeng som brenn for bil og gode kundeopplevingar og håper du gjer det same.Hos oss vil du få jobbe med to av verdas beste bilmerke, Ford og Hyundai!Som lærling hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver.Auto 8-8 Forum er godkjent opplæringsbedrift og har til ein kvar tid ein eller to lærlingar. Me har gjennom åra tatt mange kandidatar opp til fagprøve. Fleire av våre arbeidstakarar har tatt eit eller fleire fagbrev i bedrifta.Me har høg standard på fagopplæringa og kan tilby ei brei opplæring innan fagfeltet. Ved bestått fagprøve har du gode og breie kunnskapar innan bilfaget og kan søke fast stilling ved bestått fagprøve.

Vil du bli lærling?

Du kan søke her >>>


Som lærling hos Auto 8-8 Forum signerast ei skriftleg lærekontrakt mellom deg, bedrifta og fylkeskommunen.
Auto 8-8 Forum samarbeider med Bilbransjens Opplæringskontor.

Auto 8-8 Forum har eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Du vil få god innføring i bedrifta sine reglar, krav og rutiner. Du må sjølv ta ansvar for å ta del både sosialt og fagleg. Me vil hjelpe deg på vegen til fagbrev, samtidig som du sjølv også må ta ansvar for eigen opplæring igjennom engasjement og interesse.

Når me har fått din søknad vil vi du få ei bekrefting på at søknaden din er registrert. Etter at fristen for å søke er ute, vil vi gå gjennom alle søknadane. Når me har funne den kandidaten me ynskjer ein nærare prat med blir han/ho kalt inn til intervju. Etter dette velge me ut kandidaten me ynskjer å tilby læreplass. Alle som har søkt på læreplass hos Auto 8-8 Forum vil få svar, uansett om dei blir tilbydd plass eller ikkje.

Dersom du får læreplass og godtek plassen signerar me lærekontrakt og gjer avtale om dato for oppstart. Ved oppstart får du oppstartsmøte og gjennomgår introduksjonsprogram med informasjon og kursing.

Auto 8-8 er ei bedrift med framoverlent strategi, med svært spennande produkt både no og for framtida. Bedrifta er sertifisert Miljøfyrtårn.

Vil du vite meir, ta kontakt med ettermarkedssjef

Arild Åsen
tlf 928 16 260

eller

Dagleg leiar
Ole Nikolai Løbø
tlf 977 60 004